Veke 15

Vegen til tru
n

Det vart fart på dei som kom til grava om morgonen den første påskedagen. Steinen som stengte Jesu grav var teken bort frå grava. Maria Magdalena er den første som får fart på beina. Ho spring av stad, og treff på to læresveinar, Simon Peter og Johannes. Ho fortel kva ho har oppdaga, og dei to læresveinane spring av garde mot den tomme grava. Dei spring så fort dei klarer, og den eine er raskare enn den andre. Dei spring på vegen til tru. 

n

Læresveinane finn ikkje Jesus i grava. Dei ser han heller ikkje utanfor grava. Dei kan ikkje vita sikkert kva som er hendt. Har nokon tatt Jesu lekam og lagd han på ein annan stad? Eller er Jesus i live? Har han verkeleg stått opp? 

n

Johannes bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Etter kvart gjekk også Johannes inn. Vi veit ikkje korleis Peter reagerte på opplevinga i den tomme grava, men vi veit at noko skjedde med Johannes der i den tomme grava. 

n

Vegen til tru kan vera ulik frå person til person. Hendingar og opplevingar undervegs i livet kan vere viktige for korleis trua veks fram. Men også kunnskap og kjennskap til skriftene i Guds ord er med på å gi trua gode livskår. For Johannes var opplevinga i den tomme grava kombinert med kunnskap om skriftene og Jesu eigne ord utslagsgivande. Der inne i grava vart trua født. Han forstod det som før var skjult for han, og ein ny røyndom forandra livet hans frå denne dagen. Johannes såg og trudde!

n

Det handlar om å sjå og tru. Dette er saka også i dag. Ved det kan ein gripa det evige livet. Ved det får ein del i oppstandelsen. 

n

”For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh. 6, 40)

n

God helg!

n

n

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *