Veke 33

Framtid og håp!

n

Dette er tema for hausten som vi no går inn i. Framtid og håp!

n

”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.” (Jer. 29, 11)

n

Dette løftet byggjer på Jesus, og det han har gjort for oss. Jesus opna vegen tilbake til samfunn med Gud. Det handlar om å ta imot Jesus og tru på han. Vi er ikkje lenger fiendar av Gud. Vi er vener med Gud. Jesus seier: ”Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av far min.” (Joh. 15, 15)

n

Jeremia såg inn i framtida og profeterte om dette:  ”Dette er pakta eg vil gjera med Israels hus i dagar som kjem, seier Herren:  Eg legg mi lov i sinnet deira og skriv henne i hjarta deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. Då skal ingen lenger undervisa sin neste og sin bror og seia ”Kjenn Herren!” For dei skal alle kjenna meg, både små og store, seier Herren. For eg vil tilgje skulda deira og ikkje lenger hugsa synda.” (Jer. 31, 33 – 34) 

n

Vi lever i den nye pakta. Vi er på lag med Gud. Vi er hans vener! Vi veit kva han vil: Kjærleik er nøkkelordet. Kjærleik til Gud og til menneske. Då lever vi i samsvar med hans tankar og planar for oss. Guds gode tankar om framtid og håp for menneska går ikkje sjeldan via  hans vener. La oss ikkje trøytna i vår iver etter å gjera det gode og å vitna om han som berre er god! 

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *