Veke 34

Kalt til glede!

n

Det er alltid trivelig med menneske som sprer glede. Det er godt å møte, og vere saman med, slike menneske. Det står om Jesus at han var til glede for både Gud og menneske. (Luk. 2, 52) 

n

Gleda har ein sentral plass i det kristne livet. Evangeliet om Jesus er den glade bodskapen. Då engelen introduserte Jesu fødsel i Betlehem vart følgjande ord brukt: ”Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket!” (Luk. 2, 10)

n

Når vi oppdagar Jesus, og lærer Gud å kjenna, er det lett å bli glad. Læresveinane lærte meir og meir om dette, til eldre dei vart. Det er mykje vi kan læra av dei om gleda i Herren. For det var faktisk ingen ting som kunne ta frå dei den indre, djupe gleda som livsfellesskapet med Jesus gav dei. Ikkje sjukdom. Ikkje prøvingar. Ikkje liding. Ikkje forfølging. Heller ikkje møtet med døden. 

n

Eg har følgd min gamle bestefar til grava denne veka. Han var eit forbilde. Han var ein etterfølgjar av Jesus som strålte av glede. Det varme smilet og dei milde, strålande augo vitna om ei djup, indre glede. Han kunne ikkje la vere å snakke om Jesus, og han strålte når han vitna om Frelsaren. Eg vågar sei det slik: Han var til glede for både Gud og menneske. Kvifor? Fordi han dagleg levde nær Jesus. Det var så tydeleg. Han levde Jesus-livet. Jesus levde i han ved Den Heilage Ande. 

n

Paulus nærmast formanar oss til glede. For han var det ikkje snakk om å vente på at følelsen av glede eventuelt skulle dukke opp ein dag. Nei, han produserte glede, og han oppfordra alle kristne til å gjere det same: ”Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!” (Fil. 4, 4) Og til forsamlingane hadde han nokre levereglar. Ein av dei lydde slik: ”Ver alltid glade!” (1. Tess. 5, 16)

n

Så får vi be Den Heilage Ande om å koma til oss med Jesus på ein slik måte at gleda bryt laus. Slik at det blir nådefellesskap og ikkje lovfellesskap.

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *