Veke 35

n

Bli fylt av Anden!

n

Vi  treng dagleg påfyll av Den heilage ande. Anden er ikkje ein åndeleg aktivitet som vi er opptatt med på møter og gudstenester. Anden er vår hjelpar i kvardagen. Han er ein person. Og han lever usynleg i kvart menneske som trur på Jesus og som ber om å bli fylt av han. Den Heilage Ande kjem til oss, og gir oss del i fellesskapet med seg, Faderen og Jesus. Utan Anden lever vi avskorne frå kontakt og fellesskap med den treeinige Gud. Difor treng vi dagleg påfyll av Den heilage ande. 

n

Eit liv saman med Den heilage ande skaper frukt. Desse fruktene modnast gradvis fram i livet til ein kristen. Fruktene er gode, og skaper mykje godt rundt seg. Fruktene heiter kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Dei kjem til synet i livet til menneske som lever i Anden, og som vandrar i Anden. Dagleg livsvandring. Ikkje utanom sjølve livet, men midt i kvardagslivet. Anden er til stades i min kvardag. Som talsmann, hjelpar og trøystar. 

n

Vi kan alle såra Den heilage ande. Det ligg til vår vonde natur. Då står vi i fare for å hausta dårleg frukt. Vår vonde natur og Anden ligg i strid med kvarandre her. Anden trivst ikkje i selskap med løgn, umoral, strid, sjalusi, sinne, misunning, vondskap og sjølvhevding. I møte med slike dårlege frukter vil Anden gjerne rydde og reinse, og kviskre ord til oss om omvending, frigjering og endring. ”Det som bedrøver Den Hellige Ånd, må man bli frigjort fra for at gleden skal vende tilbake til sjelen”, skriv Peter Halldorf i ei av bøkene sine. Andens frukt er teiknet på Andens verksemd i livet mitt. 

n

Så er det likevel slik at vi ikkje kan produsere Andens frukt av oss sjølv. Det er berre Den heilage ande som kan gjere det. Men det vi kan gjere, er å stille oss slik at vi kan bli fylt av Den heilage ande. Det var dei første læresveinane veldig flinke til. Difor vart det også mykje av Andens frukt i liva deira. La oss følgje i same spor som dei.

n

”Men læresveinane vart fylte av glede og av Den heilage ande.” (Apgj. 13, 52)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *