Veke 37

n

Vi treng fleire forbedarar.

n

Dette er ei utfordring som kjem frå bønneteamet vårt denne hausten. Særleg treng vi fleire menn som gir seg til ei bønneteneste. Kven vil ta utfordringa? 

n

I løpet av dei tre åra læresveinane levde saman med Jesus fekk dei vere vitne til Jesu bønneliv.  Det vart mange sterke inntrykk i bønn og forbønn for andre menneske. Jesus levde radikalt i bønn og kommunikasjon med sin Far. Her var det mykje å læra og å bli utfordra på. Likevel var det først etter at Jesus var død, oppstanden og bortrykt at læresveinane for alvor tok til å bli etterfølgjarar av Jesus som forbedarar. Kva var grunnen til det?

n

Jesus sa ein gong at det var best for læresveinane at han gjekk bort. Korleis kunne hans fråvær utløysa noko sterkare enn hans synlege nærvær? Kva kunne vere betre enn å vere saman med Jesus? Men Jesus forklarte dette slik: ”For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk.”

n

Det er flott med førebilete i bønn. Det har levd mange store bønnekjemper i kjølvatnet av Jesus, som vi kan lære mykje av. Men førebilete er ikkje nok. For at vårt eige bønneliv skal bli levande er vi avhengige av Den heilage ande. Anden er drivkrafta i bønna. Han er vår hjelpar i bønn. Han er sjølve oksygenet i den åndelege pustande bøna. 

n

Den heilage ande er bedaren i ein kvar kristen sitt bønneliv. Det er i nærkontakt med Den heilage ande at vår ånd kjem inn i eit samvirke med Herrens ande. 

n

Vi treng fleire som gir seg til forbønstenesta. Vi treng menneske som ber for andre. ”Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.” (Ef. 6, 18)

n

Kven tar utfordringa?

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *