Veke 40

Hald fast på det du har lært!

n

Vi er opptatt av ny lærdom. Utvikling er eit viktig stikkord for vår tid. Vi må heile tida vidare. Få ny kunnskap og ny innsikt. På mange område er dette viktig og bra. Men kanskje ikkje på alle?

n

Gud openberra seg på ein særleg måte då han sende Jesus til jorda. Vi fekk ny kunnskap om Gud gjennom han. Den tida Jesus gjekk omkring på jorda var ei særleg tid for å lære Gud å kjenne. Dei som møtte Jesus tok på alvor ansvaret for å formidle denne kunnskapen vidare, og derfor har vi fått samlinga av små og store skrifter  i Det nye testamentet. 

n

Det er mange som ikkje slår seg til ro med denne kunnskapen. ”Vi må vidare,” seier dei. ”Er det enno menneske i Noreg som trur på denne gamle lærdomen? Skal vi ikkje snart komme oss vidare?”

n

Mitt svar på dette er eit resolutt ”NEI!” Vi har fått alt vi treng for trua og det evige livet i dei gamle skriftene. Vi treng ikkje noko nytt. Det gamle evangeliet fornyar seg sjølv. Det har ny kraft i seg kvar einaste dag. Det er tidlaust og kraftfullt! Kva i all verda skulle vi bytta det ut med? 

n

Frå eg var liten gut har eg fått opplæring i Bibelen, Guds ord. Eg har lært å kjenne krafta i ordet. Og i alle år har Ordet fungert i dei mange livssituasjonar eg har vore borti. Uansett kompliserte og vanskelege forhold. Det er lett for meg å samtykke i Paulus sine ord frå 2. Timoteus, kapittel 3, vers 15 til 17:

n

”Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.”

n

Slå deg til ro med dette, og hald fast på det du har lært!

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *