Veke 41

Radikal tru

n

Vi har eit utrykk som heiter ”å banne i kyrkja.” Med det ønskjer vi å seie at ein bruker heilt feil ord på feil plass. Å rope og heie på Manchester City, mens du sit blant supporterane til Manchester United på Old Trafford, er som å banne i kyrkja. Då er du ”heilt ute” i bruken av sjargong, takt og tone. Det kan bli direkte farleg for deg. Du kan regelrett bli slått ned. 

n

No har sjølvsagt uttrykket ”å banne i kyrkja” også konkret og direkte meining: I kyrkja bruker ein ikkje bannord. Det er ikkje berre stilbrot i bruk av sjargong. Banning i kyrkja er både støytande og forulempande for dei som tar gudstrua på alvor. Og det er manglande respekt mot både religionen, trua og Gud. 

n

Trua på at Jesus Kristus er Herre og Messias er sjølvsagt lære i vår kristne tru. Det er lite som er radikalt ved dette. Men dersom vi går tilbake til utgangspunktet, der kyrkja si historie starta på første pinsedag, er denne setninga som å banne i kyrkja. Det var inngrodd lære i Jesu samtid at den som vart hengt på eit tre (kors) var forbanna. Dette var det endelege provet på at ein person var under Guds vreide, og utan fellesskap med Gud. Og ein slik person var den aller siste ein kunne tenkja seg skulle vere den lova Messias, Frelsaren. 

n

Jesus vart spikra til, og hengt opp på, eit kors. Av jødane vart han derfor rekna som forbanna av Gud. I tillegg hadde han spotta Gud ved å gjere seg sjølv til Herre (Les: Gud). 50 dagar etter rettssaka mot Jesus, og fullbyrdinga av dødsdommen, står læresveinane – med Peter i spissen – fram og forkynner noko særdeles uhøyrd og radikalt. 

n

I tillegg til å få jødane på nakken, kasta dei glør i augo på statsmakta, det mektige Romerriket. Makta låg i hendene til keisaren. Han hadde opphøgd seg sjølv til guddommeleg autoritet. Når soldatar og embetsfolk møttest på gata måtte dei helse kvarandre med ”Cæsar er Herre.” Og så måtte dei svare tilbake: ”Ja, vår Herre er Cæsar.” 

n

Dei første kristne trossa både statsmakt og religionsmakt: Midt på tempelplassen i Jerusalem stilte dei seg opp, med Peter i spissen, og proklamerte: ”Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.” (Apgj. 2, 36)

n

Det er dette evangeliet vi forkynner. Og det er fortsatt radikalt. Det utfordrar pluralismen i vår tid. Likevel er det neppe med livet som innsats vi forkynner i vår tid. Men du og eg står kvar dag overfor denne utfordringa: Å gjere Jesus til Herre (Gud) og Messias (Frelsar)) i ord og livsstil – for oss sjølv – og i møte med menneske rundt oss i kvardagen vår.

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *