Veke 44

Englebesøk

Det er mange som er opptatt av englar. Finst dei? Går dei rundt omkring på jorda? Kan vi menneske sjå dei? Kva oppgåve har dei? 

n

Bibelen stadfester at englane er høgst reelle. Og det finst mange av dei. I himmelen er Gud omgitt av englar. Og mange er i døgnleg aktiv teneste rundt omkring på jorda. Englane er Guds ”secret service agentar,” med fullmakt til å hjelpe menneske, og å formidle bodskap til menneska frå Gud. Mange menneske kan vitne om englebesøk og om korleis dei fekk hjelp av englar i spesielle situasjonar. 

n

Forfattaren av Hebrearbrevet skriv  om englar. Både i første og siste kapitlet er englar nemnd. I det første kapitlet kan vi lese om at englane er Guds tenarar. Dei er utsende av Gud for å hjelpe menneske som set si lit til Frelsaren. Englane er ikkje eit mål for tilbeding. Vi skal ikkje tilbe dei. Dei er nemleg sjølv tilbedarar. Akkurat som oss menneske. Dei tilber Gud, og dei tilber Guds utvalde frelsar, Jesus. 

n

I det siste kapitlet er også englar nemnd. Her står det at englane kan besøkje menneske i kledning av vanlege menneske. Som menneske til menneske. Overskrifta til avsnittet er ”gløym ikkje å gjera det gode.”

n

Kjærleiken må haldast levande. Vi må vere gjestfrie og gjere godt mot vår neste. Det er Guds gode vilje og bod til oss. Kjærleiken er summen av boda. Godleik, omsorg og kjærleik er nøkkelord for eit liv i etterfølging av Jesus. Og kanskje har nokre av Guds englar fått nettopp dette oppdraget; å sjå til at ikkje menneska gløymer å gjere det gode, i kjærleik til kvarandre. Ein Gud som testar oss og prøver oss på kjærleiken. Hm, nesten litt skummelt…. Kven er det eigentleg som er på besøk hos meg?

n

Hald syskenkjærleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. (Hebr. 13, 1 – 2)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *