Veke 51

n

Plan, vei og forming. 

n


n

Gud har ein plan. Ein frelsesplan. Jesus er Guds plan for å frelse alle menneske. “Eg kjem til dykk med ei stor glede for alle!” sa engelen. “I dag er det fødd ein Frelsar. Han er Messias, Herren.” Namnet Jesus betyr ”Herren frelser.”

n


n

Gud har altså ein plan. Og den inkluderer alle. For alle dei som tar imot Jesus, får retten til å bli Guds barn. ”For så høgt elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Joh. 3, 16) Gud har ein plan med ditt liv. Ein frelsesplan. Du kan ta imot Jesus, og få del i Guds store frelsesplan. 

n


n

Det fins ein vei for alle. Jesus bygde veien som måtte til for å frelse alle menneske. Den veien gjekk via eit kors. Veien til korset på Golgata var den nødvendige veien Jesus måtte gå for å sikre di og mi frelse. Ved Jesu død blir vi frelst og får evig liv.  

n


n

Alle har ein vei å gå. Vismennene følgde stjerna og fant veien til Frelsaren. Gjetarane følgde vegleiinga som dei fekk av engelen og fann veien til Jesus. Alle menneske må finna sin vei til Jesus. Det er tusenvis av veier til Jesus. Men det er berre ein vei til Gud; JESUS. 

n


n

Eit tre må formast for å bli ei krybbe eller eit kors. Det trengs ein handverkarar til det. Gud er handverkaren i våre liv. Han former oss til å bli menneske i sitt bilde, til eit liv med hensikt, meining og betyding for andre menneske. Guds plan for oss startar her i livet. Livet med Jesus er eit liv med mål og meining. 

n


n

Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik åpnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss,vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himlen hos deg!

n


n

God helg!

n


n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *