Veke 4

n

Guds godheit – tilgjengeleg 

n

Gud gjer ikkje forskjell på folk. Vi menneske har lett for å gjere det. Men Gud er raus mot alle. Gud er god mot alle. Hans målretta kjærleik gjeld alle. 

n

Menneske som lever nær Gud vert meir prega av Guds godheit. Dei som er saman med Gud får meir av Guds kjærleik og godheit lagd ned i seg. Dei blir meir prega av hans karakter. 

n

Jesus er vårt forbilde, også i å leve i eit nært fellesskap med Gud. Kjærleik og godheit prega Jesus. Det var sikre kjenneteikn i livet hans. Slik er han eit forbilde for oss, både i det å leva nær Gud og nær menneske. Når vi lever nær Gud vil vi i større grad klare å gjere Guds godheit tilgjengeleg for våre medmenneske. 

n

Ordet i dag er henta frå Apostelgjerningane. Det handlar om at Gud ikkje gjer forskjell på folk, og at hans godheit er tilgjengeleg for alle. Jesus levde eit liv som synleggjorde dette. Han gjekk omkring og gjorde godt mot alle.

n

”Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og han gjekk omkring og gjorde godt og lækte alle som var under djevelens makt, for Gud var med han.” (Apgj. 10, 38)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *