Veke 5

Alt de gjer.

n

Det er mange menneske som gjer ein fantastisk innsats i samfunnet og for andre menneske. Det kan vere fleire faktorar som er drivkrafta til det. For ein kristen er drivkrafta til å gjere godt mot andre tufta på Bibelen og Guds verdiar. Ein kristen har sjølv fått erfara Guds kjærleik. Og Gud ønskjer at kjærleiken skal nå alle. Kjærleiken er praktisk. Kjærleiken har givarglede. Kjærleiken har omsorg og omtanke.

n

Vi møter våre medmenneske kvar einaste dag. For å møte dei med kjærleik treng vi minne kvarandre om nokre gode verdiar. Gud ber oss vere vakne. Sløve og likegyldige menneske oppdagar ikkje så lett anledningane som dukkar opp i kvardagen. Gud ber oss stå faste i trua. Trua er ein god motor til all god gjerning. Og så treng vi ein porsjon mot. Vi må våge oss utanfor komfortsona vår. Til sist må vi bli sterke! Sterke i Herren og i hans veldige kraft. Den får vi når vi har fellesskap med Den Sterke.

n

”Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke! Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!” (1. Kor. 16, 13)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *