Veke 8

Vegen til lukke.

n

Det finst vegar som er betre enn andre vegar. Det finst føreskrifter som gir god vegleiing.  Det finst byggestoff som er meir haldbare og slitesterke enn andre. Å styra livet med Guds ord som kart hjelper oss til å finna den beste vegen. Bibelen gir oss den beste vegleiinga, og den som byggjer livet sitt på Jesu ord har funne det beste byggestoffet. 

n

Guds ord er ikkje berre ei oppslagsbok og ei lærebok. Guds ord skal ikkje berre lesast. Guds ord skal også levast. Vi lever i Guds ord. Vi får styrke og kraft frå Ordet. Vi finn hjelp i det daglege livet frå Ordet. Vi går på Guds ord, og vi kviler i Guds ord. Gjennom fest og kvardag, glede og sorg, milepelar og livskriser, sigrar og nederlag, Ordet står fast og gir sikker grunn. 

n

Vi må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer vi oss sjølve. Den som høyrer Jesu ord og gjer det Ordet seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Når vi byggjer livet på Guds ord får vi løfter om gode resultat. Ordet opnar vegen til eit liv som skal lukkast, i liv og død. 

n

”Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer skal lukkast.” (Salme 1, 1 – 3)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *