Veke 12 — 13

Påske.

n

Kva hadde kristendommen vore utan påskebodskapen? Jesu liding, død og oppstode er grunnvollen for den kristne trua. 

n

Korset er symbolet på kjærleik utan grenser. Korset er fridomens symbol. Jesus er redningsmannen, som dør på korset for å sone dine og mine synder. Jesu død på korset gir meg framtid og håp. Vegen til fellesskap med Gud går gjennom korset. Vegen tilbake til Gud er opna. Mysterium over alle mysterium.  Død blir til liv. Sorg blir til glede. Nederlag blir til siger. Mørke blir lys.

n

Men langfredag var i utgangspunktet ein mørk dag. Her var lite lys å finna. Korset får sitt lys og sin glans i frå ei kjelde av håp utan grenser; den tomme grava. Jesu grav er tom. Han har stått opp! Den tomme grava lyser opp det mørke korset. Mysterium blir til openbaring. Korset får kraft i lyset av oppstoda. Vondskap, angst, smerte, mørke og død er overvunne!  

n

Framtida vår er avhengig av Jesu oppstode. Dersom Jesus ikkje stod opp, er trua vår meiningslaus. Alt står å fell på Jesu oppstode frå dei døde. Paulus viser oss dette tydelig i brevet til korintarane.

n

”Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er og trua dykkar. ” Og Paulus seier det om at, enno sterkare: ”Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. ” 

n

Paulus var ein forfølgjar av dei kristne i mange år før han kom til tru. Han var ein forfølgjar som hadde god kjennskap til Jesus død på korset. Men døden gir sjeldan gode bevis for siger og kraft. For Paulus var derfor Jesu død eit bevis på at den kristne læra var falsk. Det var etter at han hadde møtt den oppstadne Jesus, at Paulus vende om, og mysteriet vart til openbaring. 

n

”Men no er Kristus oppstaden frå dei døde. ” (1. Kor. 15, 20)

n

Dette forandrar alt. Det er i møte med den levande Jesus at du og eg også skal få leve eit liv i trua på evig framtid og håp. Det går nemleg an å møte Jesus. Han har stått opp. Han lever, og han viser seg for stadig nye menneske, også i dag. Så lenge det er tid er det aldri for seint å få eit møte med Jesus.

n

God påske!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *