Veke 14

Han gir oss det same.

n

Vi har feira påske. Og vi vil fortsetja med å feira Jesu oppstode frå dei døde. Kvar gong vi møtes i det kristne fellesskapet, er det på grunn av Jesu oppstode.  Jesus har stått opp. Han lever! Og han er med oss alle dagar, heilt til det er slutt på tida, og vi går over i evigheta. 

n

Likevel er livet fylt av variasjonar og svingingar. Vi opplever glede og sorg, medgang og motgang, sigrar og nederlag. Men gjennom alle ulike livssituasjonar og sinnsstemningar har vi løftet frå Jesu om at han er med oss alle dagar. Heilt til livets slutt. 

n

Jesus brukte tida etter påske til å setje mot i venene sine. Han viste seg for dei, og han oppmuntra dei. Han tilgav deira svik, og bekrefta sitt venskap med dei. Han kom til dei med fred og glede. Og han sette håp i dei. Slik er han i dag også. Han gir oss det same, som han gav sine vener den gongen. 

n

Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

n

(Matt. 28, 18 – 20)

n

n

God helg!

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *