Veke 16

n

Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.(1.Pet. 4, 10)

n

Mennesket er skapt med medfødde evner,  anlegg og naturgåver.  Ei naturgåve er ei medfødd evne som alle kan ha innanfor områder som musikk, bildekunst, teknikk, drama, dans, handverk, m.m.  Ei nådegåve er ei evne som vi får ved trua på Jesus Kristus, som lemer på hans lekam. Det er Gud som skaper og gir både naturgåvene og nådegåvene. Naturgåvene kan også bli forma til ei nådegåve, og vi kan bruke både naturgåver og nådegåver i teneste for Gud og for vår neste.

n

Gåvene er gitt oss til forvaltning. Vi får bruke dei til beste for kvarandre. Det kristne fellesskapet skulle vere eit rikt nådegåvefellesskap. Ingen er nok med seg sjølv. Nei, vi utfyller mange ulike behov ved å vere i teneste for kvarandre. Peter snakkar om Guds mangfaldige nåde som skal forvaltast gjennom dei ulike nådegåvene. 

n

Alle kristne kan og skal ha nådegåver, og Gud er villig til å utruste og å gi. Vi har for tida eit nådegåvekurs i Norkirken, og det er godt å oppleva at mange er interessert i å få del i fleire av Guds gåver. Dette gir håp for fellesskapet i forsamlinga. Vi treng eit rikt utrusta nådegåvefellesskap, der Gud kan møta menneske med  ulike behov; både til frelse, helse, trøyst, oppmuntring, oppbygging, rettleiing og formaning. 

n

” Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!”(1. Kor. 14, 26)

n

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *