Veke 17

Lese og lytte

n

Det er viktig at vi lærer oss til å lytte til det vi les. Særleg gjeld dette Guds ord, Bibelen. Guds ord er levande og kraftig, og er inspirert av Den heilage ande. Anden er vår talsmann, hjelpar og advokat her på jorda. Han gir oss både trøyst, hjelp, vegleiing og formaning. Ofte skjer dette gjennom ordet som vi les, og lyttar til. Når du les i Bibelen, og har ei stille stund for deg sjølv, gjer det til ein vane å snakke med Anden. Spør kva Ordet betyr inn i ditt liv i dag. Ver stille, mediter på Ordet, og lytt etter Andens stille kviskring i ditt indre. Det er spennande å leve nær Jesus. Han er nær oss kvar dag, ved sin Ande. Eg er heilt sikker på at du vil oppleve dette meiningsfullt, og etter kvart livsnødvendig, for kvardagen din.

n

”Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.”

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *