Veke 18

Han har omsorg.

n

”Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.” (1. Pet. 5, 7)

n

Noko av det beste med Gud er at eg kan stole på hans omsorg. Når livet er vanskeleg, og sjela er full av smerte, er Gud til stades med si omsorg. Han bryr seg, og han har medkjensle med oss i våre vanskelige livssituasjonar. Jesus har synt oss kven Gud er, og kva hjartelag Gud har. Det står om Jesus at han fekk inderleg medkjensle med dei som hadde det vondt. Han brydde seg, og han trekte seg ikkje vekk frå folk som på ein eller annan måte sleit med livet. Han møtte folk med omsorg og medkjensle. Ein slik Gud er det trygt å overgi  si svakheit og smerte til. Ein slik Herre kan vi våge å følgje, og ein slik Meister kan eg gjerne anbefale. Han vil oss berre godt, også når livet kjennest vondt. 

n

God helg!

n

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *