Veke 22

Vi vil ære Gud

n

Første del av visjonen vår er dette: ”Vi vil ære Gud.” Det er ein flott visjon for eit fellesskap som ønskjer å tene, følgje og lyde Gud.  Korleis kan vi gjere dette i vår tid?

n

David gir oss ei retning for å ære Gud. I Salme 105 kan vi lese: ”Pris Herren, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka! Syng for han og spel for han, syng om alle hans under! Ver stolte over hans heilage namn! Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren. Spør etter Herren og hans makt, søk alltid hans andlet!” (Salme 105, 1 – 4) 

n

Vi kan ære Gud ved å prise han og tilbe han; med hjarte, sjel, ande og lekam. Syng og spel! Vi kan vitne og fortelje om Gud til andre menneske, om hans kjærleik og godleik. Vi kan vere stolte over Gud og kven han er. Vi har ingen grunn til å skamme oss over trua og forholdet vårt til Gud. Vi kan søkje Gud i bøn og tilbeding, og vi får glede oss over fellesskapet med han, ansikt til ansikt. Halleluja!

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *