Veke 34

Jesus som forbilde

Har du eit forbilde? Er det personar som du ser særleg opp til? Jesus er nok ein av dei personane som har flest tilhengjarar. Han har stått seg som forbilde gjennom to tusen år. Det er vanskeleg å finne noko å klaga Jesus for. Det er lite som trekkjer ned inntrykket av han. Og det er mange som bruker Jesus som forbilde, sjølv om dei ikkje trur på han som oppstått frelsar og ven.

Eg trur på Jesus som oppstått frelsar og ven. Han lever og er ein realitet i livet mitt. Jesus er fantastisk! Eg blir meir og meir glad i han. Han betyr stadig meir og meir for livet mitt her på jorda. For han møter meg og er nær meg i dagleglivet mitt. Han svikter ikkje, og han forlet meg aldri. Og det beste av alt, hans kjærleik er utan grenser. Han viser godheit og venskap, også når eg ikkje klarer å leve opp til dei ideal han representerer. 

n

Jesus tilgir mine synder. Han tek bort mi skuld og skam for det som vart mørkt i livet mitt. Han tar meg med inn i lyset, og reinsar meg frå all urettfred. Han tilreknar meg ikkje mine feil og manglar, men han gir meg si eiga rettferd i venskapsgåve. Jesus er eit forbilde for meg i dette med å tilgi. Han tilgir raust, og han ber meg om å tilgi både meg sjølv og mine medmenneske. 

n

”Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull.”(Jes. 1, 18)

n

Denne profetien vart oppfylt med Jesus. Han er ei soning for alle våre synder. Han bar alle syndene opp på korset, og han fritok oss frå syndeskulda. Utan Jesus ville alle synder enno vore blå-raude, som purpur og skarlak. Men no er dei altså kvite som snø og ull. Berre på grunn av Jesu kjærleik og tilgivande nåde. 

n

God helg!

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *