Veke 37

Likna Gud.…

n

“Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus. Ja, likna Gud, de som er hans kjære born. Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.”
(Ef. 4, 32 — 5, 2)

Ver gode.… Vis medkjensle.… Lev i kjærleik.… Likna Gud.

Kan vi menneske likna Gud? Og i tilfelle, korleis?

Bibelens svar er dette:
Den som er god mot andre liknar Gud. Den som viser medkjensle liknar Gud. Den som tilgjev sine medmenneske liknar Gud. Den som utøver oppofrande kjærleik i møte med sin neste liknar Gud.

Gud er god. Gud har medkjensle. Gud tilgjev syndige mennekse. Gud er kjærleik. Ja, Gud har tilgitt alle dine synder. Jesus elska deg, og gav seg sjølv for deg. Det er livets største gåve og historiens største offerhandling.

Vi liknar Gud når vi viser godleik og utøver kjærleik. Dette vert samanlikna med vellukt. Betre enn all verdens parfyme. Vanskeleg og lett. Frigjerande og godt. Den største lukke og glede ligg gøymd i dette.

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *