Veke 40

Takk for kvarandre.

nn

”Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.” (2. Tess. 1, 3)

n

I går opplevde vi det fantastiske fellesskapet når kristne kjem saman til bøn og lovsong. Takk Gud for kvar einskild kristen, som deler entusiasme, glede og energi med kvarandre, slik at trua kan veksa seg stadig rikare! Det er oppmuntrande og glederikt for ein leiar å merke fellesskapet og  kjærleiken mellom kristne når vi samlast på denne måten. Kvelden i går vart ei feststund! Som ei kristen søster så treffande gav si tilbakemelding etter samlinga: ”Det var nesten som Sammen i lovsang i gamle dagar. Dette må vi gjere fleire gonger!” 

n

Det ligg mykje glede, entusiasme og energi i å lovsyngje, tilbe og takke Gud i eit fellesskap. Det er i det jordnære og himmelvendte fellesskapet at kjærleiken og trua får veksa. Paulus minner oss på dette i brevet sitt til Tessalonikarane. ”For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.”

n

Vi er ofte flinke til å få det synlege rundt oss til å veksa. Vi bruker mykje tid og krefter på det. Som pastor blir eg difor svært oppmuntra og glad når vi får oppleve og kjenne at dei andelege, usynlege verdiane; tru og kjærleik, får vekse seg større i oss og mellom oss. Vi må bruke våre krefter til å inspirere og oppmuntre kvarandre til tru og kjærleik. Då kan det som i utgangspunktet er usynleg, bli omgjort til kraft, som viser seg i gjerning.

n

”Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning.” (2. Tess. 1, 11)

n

Takk kjære vener, for krafta i fellesskapet med kvarandre! DU er verdifull!

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *