Veke 41

For å frelsa verda.

nn

”Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret. Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda.” (Joh. 12, 46 – 47)

n

Jesus elska sanninga. Han hata løgna og alt som var skjult i mørkret. Han hata mørkret, men elska menneska som var fanga i mørkret. Det beste Jesus visste, var å fria mennesket frå mørkrets makt. Eit døme på dette er den samaritanske kvinna ved brønnen. Ho fekk ny sjølvkjensle og sjølvrespekt i løpet av ein formiddag saman med Jesus. Og samtidig fekk livet hennar ny retning og meining.  Ho vart ein evangelist og formidlar av trua. Jesus kom inn i livet hennar som eit klart lys, fria henne frå mørkrets makt, og sette henne i fridom til å bli den ho var skapt til å vera. Herlege evangelium!

n

Å føra ting fram i lyset krev visdom og kjærleik. I møte med sanninga kan lett fordøming bli resultat.  Den vonde elskar å anklage. Når sanninga kjem for ein dag, er klagaren raskt på plass for å stikke kniven djupt inn i betente sår. Han er ein ekspert i å bruke sanninga til å fordømme. Og det ligg til menneskets natur å henge seg på den same linja. Med Jesus vert ein ny praksis innført: Stor grad av sanning, liten grad av fordøming. Nåde og sanning er den nye linja som det skal styrast etter. Dette er oppdraget: Å fria mennesket frå mørkret, gjennom nåde og sanning. Jesus kom ikkje for å døma verda, men for å redda verda. Han kom for å setja mennesket fri frå mørkrets makt.

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *