Veke 44

Tydeleg bodskap.

nn

Jesus kom til jorda med hensikt. Han hadde eit oppdrag frå sin himmelske Far. Oppdraget var å frelse. Han skulle bli verda sin redningsmann. Bibelen viser oss klart at oppdraget var nødvendig. Menneska kunne ikkje klare å frelse seg sjølv. Jesus fullførte det vi ikkje klarte sjølv. Han opna vegen tilbake til fellesskap med Gud. Han sona alle våre synder. Han tok straffa på seg. Han gjorde det slik at vi kunne bli redda. Dommen råka han, og vi kunne gå fri.

n

Bibelen er tydeleg på rammene rundt frelsa. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.”(Joh. 1, 12) Alle dei som tar i mot Jesus, får retten til å bli Guds born. Det handlar om å tru på Jesus. Vi kan altså ikkje stilla oss passivt til Jesus sitt frelsesverk. Vi kan velje trua inn eller ut av livet. Dei som tar i mot og trur, skal ikkje gå fortapt. Det er Bibelens klare tale.

n

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh. 3, 16)

n

Det finst altså eit svært godt alternativ til å gå fortapt, nemleg å bli frelst! Dette ordna Jesus. Dette er kjærleik. Jesus døde for alle. Frelsa er ein reell mulegheit for alle. La oss velje livet ved å velje Jesus.

n

God helg!

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

 

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *