Veke 45

All, alle, alt og alle!

n

Vi fekk ei veldig god undervisning om disippelgjering og misjon på sist storsamling. Rolf Kjøde tala om tema ”misjon – ut til alle.” Fire ganger bruker Jesus ulike former for ordet “alle” i misjonsbefalinga.

n

Jesus har fått all makt i himmel og på jord. Difor ber han disiplane om å gå ut og vitne om Guds rike, og dele evangeliet om Guds frelse og redning. Og Jesu store ord om makt er ikkje tomme ord og lureri. Nei, Jesus demonstrerte si allmakt ved at han overvann døden og steig fram frå grava i levande livet. Ein som slik har sigra over døden kan vel med rette proklamere å ha overordna makt?

n

Korleis angår dette oss? Kven får vere vere med? Jesus sprengjer alle grenser i inkludering og integrering. Det er ikkje snakk om å vere nøgd med nokre få utvalte menn og kvinner. Nei, oppdraget som vart gitt til dei elleve disiplane var å bringe evangeliet ut til alle folkeslag, slik at flest muleg kunne bli inkludert i Guds rike og bli etterfølgjarar og disiplar av Jesus. Gå ut til alle folkeslag! Litt av eit oppdrag.

n

Disippelgjering var nummer ein på Jesu agenda. Lær dei å halda alt det som eg har bode dykk, sa Jesus. Alt som han hadde sagt og forkynt, utan kompromiss og tidsrette tilpassingar. Både ord til trøyst, oppmuntring og styrke, men også ord til omvending, formaning og åtvaring. Heilskap i åndeleg vekst og mogning.

n

Til sist i utsendingsorda sine lovar Jesus disiplane sine evig truskap som påliteleg medvandrar gjennom alle livets dagar. ”Sjå, eg er med dykk alle dagar, så lenge verda står.”Jesus forsikrar alle som vil følgja han og bringe evangeliet ut til andre, at dei kan stole på at han er med dei. Alle dagar, gode og vonde, lette og tunge. Dette skaper tru og tillit i meg. Tru på at eg følgjer ein stor og allmektig Herre, som ikkje ”lar meg i stikka”, men som hjelper meg og bryr seg om meg.

n

Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» 

n

(Matt. 28, 18 – 20)

n

God helg!

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *