Veke 47

Vegskilt og tydeleg merking

God skilting langs vegane gir verdifull og nyttig informasjon for dei reisande. Vi kunne ikkje klara oss utan slik rettleiing på framande vegar. I vår tid har vi rett nok tilgang til GPS og kart som kan hjelpe oss, men vi er likevel veldig glade for tydeleg merking og informasjon undervegs når vi er ute og kjører. Når det står på eit skilt at vegen vi følgjer tar oss til Bergen, trur vi på det. Det er nokså uvanleg å starte ein diskusjon om dette, og hevde at vegen går til ein annan stad enn det som vert oppgitt på skilta.

Mange av versa i Bibelen er slike vegskiltvers. Før i tida var slike vers svært populære og kjærkomne i høve til åndeleg veginformasjon. Men no, i ei multikulturell og multireligiøs tid, er ikkje slike vers like populære. I staden for å skjerpe skiltinga, på grunn av eit stadig meir utbygd og forgreina nettverk av åndelege vegar, prøver ein å skjerme folk for tydeleg og god vegmerking. Til og med kristne leiarar prøver å dempe livsviktig informasjon om vegretning i åndslivet.

Ei auka åndeleg forvirring skulle mana oss kristne til meir tydeleg tale og rettleiing. Vi trur for alvor at Jesus Kristus har gitt oss retninga for ei trygg reise gjennom liv og død, og fram til ei oppstode etter døden. Vi må ikkje falla for freistinga til å avskilte den vegen som gir retning for det evige livet. Då gjer vi søkjande og forvirra menneske ei bjørneteneste som får katastrofale følgjer.

Eit slikt vegvisande bibelvers får vi av Jesus i dagens helgeord. Dette er tydeleg tale som ikkje er til å misforstå. Mange, også folk med teologisk kunnskap, har prøvd å tolke dette verset bort frå si tydelige retning. Men vegskilt skal ikkje tolkast, dei skal følgjast. Tolkar du vegskilt, misser du retninga og kjem på viddene. Til og med born som kan lesa klarer å finna fram når dei følgjer skilta. Slik og med dette verset, dei som vil ta i mot rettleiing, dei får det.

Jesus seier: ”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.”(Joh. 14, 6)

Det finst tusenvis av livshistorier om folk som er på leit etter sanninga. Og det finst utruleg mange vegar som til sjuande og sist fører til Jesus. Men det finst berre ein veg til Gud. Den vegen går gjennom Jesus.

God helg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *