Veke 52

Og han skal vera fred.

Det lyder eit stille rop over jorda i dag. Det er eit rop om fred. Ein fred som ikkje verda kan gi. Ein fred som er etterlengta og dyrebar. Ein fred som gir sjela indre ro.

Fred er ei luksusvare som ikkje kan kjøpast med pengar. Fred er eit uoppnåeleg mål. Fred er eit ord med gløymd innhald. Fred er eit fjernt minne om noko som ein gong var, men som no er borte. Fred er noko ein drøymer om, men som aldri blir røyndom.

Det finst mange menneske som har det slik. I alle land, over heile jorda. Menneske på leit etter fred for ånd og sjel. På leit etter fredskjelda. Og den er der. Kjelda til fred. Like framfor augo våre. Tilgjengeleg for alle.

Simeon viser oss vegen. Han hadde vore på leit etter ein frelsar og fredsskapar  i eit heilt liv. Han kunne ikkje dø før han hadde funne han. Og i løpet av den første julefeiringa i vår tidsrekning nådde han målet. Han fann frelsaren, Jesus, og han fann fred. ”Herre, no let du tenaren fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine augo har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk.” (Luk. 2, 29 – 31)

Så er han her, like for andletet vårt, og vi må få nåde til å gripe han, invitere han inn, og la han bli vår glede og lukke i livet. Han skal vera fred. Frelse og fred.

God julehelg!
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *