Å bade i Ordet

Vi lever i ei tid der det menneskelege får stor plass. Det fysiske og det sjelelege blir dyrka. Kropp og kjensler står i sentrum for livsutfalding. Det handlar om å setja seg sjølv i sentrum for det gode liv. ”Først meg sjølv, og så meg sjølv, og så min neste, dersom det gagnar meg det beste.” Dette kan fort bli leveregel og livsmotto, sjølv om ein ikkje går rundt og mediterer på det og heng det på oppslagstavla over skrivebordet. ”Du må ikkje gå glipp av noko.” Slik lyder gjerne det indre mantra for det moderne menneske i vår vestlege kultur. Og vi blir lett smitta av det.I det daglege møter vi reklame, tilbod, påverknad og inntrykk som stadig stiller oss på val. Og kjem vi over noko som er betre og meir forlokkande enn det vi alt har, byter vi gjerne ut, enten det er materielle ting, forpliktingar eller avtaler. Forbrukskultur og nytingskultur høyrest ikkje så bra ut, men vi må likevel erkjenne at slike kulturar meir enn nokon gong lokkar oss og set sitt preg på samfunnet vårt.Det finst ein kur mot slike lokkande angrep på menneskenaturen. Den kuren kan vi kalle for ”Å bade i ordet.” Når vi vaskar tanken vår med Guds ord, blir vi klarsynte. Livsperspektivet blir fokusert klart. For Guds levande ord klarer veldig godt å korrigere vårt nærsynte ego-fokus. Guds ord gir oss eit utvida perspektiv, bort frå ei stadig sirkulering rundt oss sjølv og våre eigne behov. Her finn vi hensikt og meining med livet. Og det hjelper oss med det vi sit fast i og blir bundne av, det vi upopulært kallar for synd. Og resultatet av synd kjenner vi på kroppen som dårleg samvit, manglande glede og frimod, missnøye og ufridom. Synda tappar og suger livsenergien or mennesket. 

Her er eit døme på dette, henta frå eit av Paulus sine brev. Han visste kva han snakka om, den gode Paulus, og han uttrykte det på ein måte som passar fortreffeleg den dag i dag, i ei heilt anna tid og på ein heilt annan stad.

”Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.” (Kol. 3, 1 – 5)

Det moderne menneske har gjort det til ein vane å dusje og vaske seg dagleg. Men innvendig har vi gløymd kva som gjer rein. Mi oppfordring er dette. Lat det ikkje bli med kroppsvask og hårvask. Vask innsida også! La tanken og sinnet få sin daglege vask og reingjering med Guds ord.

God helg!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *