Utveljing — løfte og ansvar

Tanken om at Gud vel seg ut einskilte menneske, fører to sentrale ord med seg, løfte og ansvar. I Gamle Testamentet finn vi mange forteljingar om at Gud vel seg ut einskildpersonar til særlege oppdrag og tenester. Og det vert knytt mange løfter til utveljinga. Men løfta er aldri avgrensa til berre å gjelde den som vert utvalt. Abraham var utvalt av Gud. Og det vart knyta løfter til utveljinga. Løfte om fruktbarheit. Løfte om land. Løfte om innflytelse og makt. Og løfte om velsigning. Og grensesprengjande, langt utover eigen familie, vener og landsmenn: ”I deg skal alle slekter på jorda velsignast.” (1. Mos. 12, 3) Velsigninga skulle delast, og Abraham fekk ansvar for dette.Guds utveljing vert ofte misforstått. Kvifor? Oftast fordi vi tenkjer feil rundt ordet ”utvalt.” Vi tenkjer at når ein er utvalt blir ein annan forkasta. Vi er alt for vant med å tenkje forkasting i samband med det å velje. Vi vel, og vel bort, med utgangspunkt i tanken om høg og lav verdi, god og dårleg, vinnar og tapar. Forkasting, bortveljing og utestenging blir negative konsekvensar av utveljinga. Men er det slik Gud tenkjer?

Når Gud vel seg ut Abraham til eit særleg oppdrag, er det til ”dei mange” sitt beste. Gud endra namnet til Abraham då han kalla han. ”Abram” var det eigentlege namnet. Det tyder ”Far er opphøgd.” Det nye namnet, ”Abraham”, tyder ”Far til mange.” Utveljinga av den eine skulle vere til beste for dei mange. Vi må huske på at Gud alltid handlar ut frå eigenskapen ”kjærleik”. Og denne kjærleiken er inkluderande. Når vi handlar, og tar val, er vi ofte ekskluderande. Våre val skjer ofte ut frå egoistiske motiv, og til det som vi meiner er best for oss sjølv. Ikkje rart at vi misforstår Guds utveljing, som er basert på fundamentalt motsette verdiar av våre.

Vi kunne nemne mange døme på utveljing frå Gamle Testamentet. Men alle peikar fram mot Guds store hensikt ved utveljinga av ein person: Jesus Kristus. ”Dette er Son min, den utvalde.” (Luk. 9, 35) Og i denne Guds utveljing av ”den eine,” finn vi det grensesprengjande evangelium om utveljinga av ”dei mange.” Guds utveljing er summen av evangeliet. Utveljinga er positivt meint, og til beste for alle menneske. Berre Jesus kunne ta ansvar for og utføre det oppdraget som handla om å frelse menneska frå deira synder. Han vart utvalt til dette, og løftet om frelse står fast. Ansvaret for vår frelse kviler altså på Jesus. Men det er eit anna ansvar som kviler på oss. Alle som tar imot evangeliet og trur, får del i ansvaret om å gjere ”godt nytt” kjent for stadig fleire. Slik er også vi utvalt til å vera til velsigning for andre.

”De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer.” (Joh. 15, 16)

God helg!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *