Ei kjelde med levande vatn

Vi er velsigna med vatn her på Vestlandet. Mykje vatn. Det er sjeldan snakk om å gå tom. Det kjem stadig påfyll ovanifrå. I mange land er tilføring av reint og friskt vatn ei stor sut. Denne suta har eg aldri kjent på kroppen. Kanskje skulle vi i større grad takka for vatnet, kjelda til liv?

Det er forskjell på stilleståande og rennande vatn. Hos oss her i vest står vatnet sjeldan stille. Det renn uavbrote. I Midtausten er det mest stilleståande vatn. Vatn frå brønnar. Slik var det og på Jesu tid. Ein gong kom Jesus i samtale med ei kvinne som kom til ein brønn for å henta stilleståande vatn. Ho misforstod. Levande vatn var synonymt med rennande vatn. Altså vatn frå ein bekk eller ei elv. Rennande vatn var betre enn stilleståande vatn. Men slikt vatn var det umulig å finna i byen Sykar.

Men når Jesus talar om levande vatn, talar han altså ikkje om vanleg rennande vatn. Han talar om levande vatn som bryt fram og gjev evig liv. Han meiner altså eit åndeleg vatn. Han snakkar om den åndelege lengta etter Gud, ei lengt som bur i alle menneske. Sjela si tørst etter den åndelege røyndomen. Og så seier han det beint fram: ”Den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta.” Litt av ein påstand, og litt av eit løfte.

Jesus påstår altså at han kan stilla den åndelege lengten som bur i oss. Ja vel, kva gjer vi så med det? Det er no ein gong slik at dersom du er tørst, nyttar det ikkje å berre stå og sjå på vatnet. Vi veit alle at vatnet må inn i kroppen for å gjera nytten. Berre når du drikk stiller du tørsten. Og nettopp her ligg den åndelege utfordringa for oss i dag: Vi må få Jesus på innsida. Vi må kaste oss utpå dei åndelege djupner og drikka av det vatnet som han vil gi. Det nytter ikkje å drikka alt mulig anna åndeleg vatn, og tru at det vatnet vil stilla tørsten. Jesus seier at han har det vatnet som gjer at du aldri meir skal tørsta.

Vi har i alle år hatt rik tilgang på vatn her i Noreg. Og dei siste tusen åra har vi også hatt rik tilgang på det levande, åndelege vatnet. Men no er vi kome inn i ei tid der folk ikkje lenger vil drikka av dette vatnet. I dag er det blitt populært å springa over bekken etter vatn. Men legg merke til at det blir eit sprang som raskt gjer deg tørst att. Du må venda deg om, og springe tilbake til den sanne kjelda med levande vatn, Jesus Kristus. Han er det levande vatnet for vår sjel som gir oss evig liv, og som stiller den åndelege tørsten i oss. Jesus stiller den åndeleg tørsten min. Heilt gratis. Det er ei gåve! Dette er mitt vitnesbyrd. Eg har erfart det! Men eg kan berre drikka for meg sjølv. Du må og smaka han sjølv. Smaka og drikka deg utørst.

”Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.” (Joh.åp. 21, 6

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *