Å gjera det gode

”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.” (Gal. 6, 9 – 10)

Verdiar er lurt å tenkja gjennom. Kva verdiar ønskjer eg skal vera grunnlag for mine val og min måte å leva på? Min livsstil, og mi åtferd i møte med andre, blir nemleg prega av mine verdiar, sjølv om eg ikkje alltid reflekterer så mykje over dei.

Det fell seg ikkje alltid naturleg og lett å gjera det gode. Det blir gjerne eit aktivt val frå gong til gong, frå situasjon til situasjon. Vi er på botn og av natur nokså sjølvopptatte og egoistiske. Det er lettare å oversjå enn å sjå. Det er snarare, gjerne ubevisst og utan å ville det, å ekskludere enn å inkludere. Og det er meir behageleg å unnlate å gjera, enn å gjera ei god gjerning for andre.

I ordet i dag blir vi minna om å velja å gjera det gode, og å vera uthaldande i det. Å vera uthaldande betyr nok her å innarbeida det gode som ein verdi som eg lever etter. Då handlar det meir om å la det aktive valet om å gjera godt mot andre bli ein dagleg vane framfor tilfeldige ”av og til,”  når det passer.

Alle menneske er eit mål for aktiv godheit. Også framande og meir perifere medmenneske som eg møter i livet. Men aller mest dei eg lever tett på i kvardagen, min ektefelle og mine born, vener og familie, og sist, men ikkje minst, mine åndelege søsken som eg møter i det kristne fellesskapet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *