I dag hjelper Herren!

”Gårsdagen er forbi. Morgendagen har ingen sett. Men i dag hjelper Herren.” (Visdomsord)

Kanskje tenkjer du at orda ovanfor er henta frå Bibelen? Akkurat som ein nyfrelst vitna om på eit møte. Han siterte refrenget på Prøysen sin song ”Du skal få en dag i mårrå…,” før han så la ut for forsamlinga: ”Eg veit ikkje om dette står i Det gamle eller Det nye testamentet, men eg er i alle fall sikker på at det var Paulus som sa det.”

Det er mykje visdom og godt bibelsk tankegods i den kjente Prøysen-visa. Den minner oss om at det er muleg å starte på nytt, og å leggje bak seg det som gjekk galt. Feilsteg frå fortida kan slettast ut gjennom nåde, tilgiving og gjenoppretting. Songen minner oss også om at det er dagen i dag som er viktig, med fokus på notid og det livet eg lever i dag.

Visdomsordet, som faktisk ikkje er henta frå Bibelen, minner oss også om dette: At det er viktig å ha dette klare fokuset på det livet som skal levast i dag, her og no. Vi får det åndeleg og mentalt veldig mykje betre om vi klarer dette. Det er så lett å miste god livskvalitet på grunn av at vi dveler for mykje ved ting som gjekk galt i fortida. Og på den andre sida er det like lett å miste dagen i dag på grunn av uro og suter for morgondagen.

Påskebodskapen kan hjelpe oss her. Jesus tok eit oppgjer med all verdas synd då han døde på krossen for oss. Han sona våre synder, opna vegen til Gud, og til kvarandre, gjennom tilgiving og forsoning. Han gir oss ein ny fridom, med blanke ark, ny start og ny nåde kvar dag. Og han ber oss om å gjere denne forsoningstenesta til vår livsstil, slik at vi sjølv tar imot og gir tilgiving, og slik lever i eit nådefellesskap med Gud og med kvarandre.

Og så til det som gjer at dette faktisk fungerer. Jesus meir enn døde. Han stod opp, og han lever! Han lever i dag! Det er dette vi kan erfare når vi søkjer hjelp hos Jesus. Han er ingen død Gud. Han er ein nærverande, personleg ven og hjelpar i mitt kvardagsliv. Han kjem med si oppstodekraft til alle som søkjer han og tar si tilflukt til han. Slik vert det håp for både fortid og framtid, for han kan gi fred. Fred både for hendingar i fortida og for suter for framtida. Han er ekspert på overføring av hjelp og kraft i notida, i livssituasjonar slik livet er akkurat i dag.

Gjer påskebodskapen til meir enn ei historiefeiring. Lat Jesu død og oppstode bli ny røyndom, livserfaring og kraft for deg i kvardagslivet som du lever no. Då blir det gledesfest i påskehøgtida.

Då kom Jesus: han stod midt imellom dei og sa: ”Fred vere med dykk.” (Joh. 20, 19b)

God påske!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *