Nytt liv i våre liv

”Jula varer heilt til påske,” heiter det i eit utrykk. Dette inspirerer meg til fleire ordspel. Vi kunne til dømes seie ”Påske varer heilt til pinse,” eller enno meir omfattande; ”Påske varer heile året.” Poenget er dette: Dei kristne høgtidene fortel om Guds handlingar inn i våre liv, handlingar som radikalt forandrar våre liv, og har verknad gjennom heile året, ikkje berre i sjølve høgtida.

Ved Jesu fødsel, som vi feirar i jula, fekk englar oppdraget med å forkynne at Frelsaren var født. Etter Jesu død, i påska, fekk englar oppdraget med å forkynne at Frelsaren var oppstanden, og at han fortsatt ville leie, gå framfor og vere saman med sine disiplar. Den første pinsedag vart Guds frelsesplan komplett, ved at Den Heilage Ande blei sendt ut over jorda, og no kunne Jesus, ved sin Ande, vere alle stader til alle tider.

Alt handlar om gjenoppretting av det som var blitt øydelagd og underlagt døden. Alt handlar om å gjenopprette fellesskapet mellom Gud og menneske. Alt handlar om å føre menneske frå død til liv, gjennom ein ny fødsel ved trua på Jesus Kristus som verdens frelsar. Og dette nye livet blir gitt til alle, kvar og ein, som tar i mot Jesus og trur på han.

Eg er ein av dei som trur at Jesus har stått opp frå dei døde og at han lever i dag. Og at Han lever i meg. Dette nye livet med Jesus får eg del i gjennom Den Heilage Ande, som Han har sendt og gitt meg i gåve. Dette nye livet, Andens liv – som altså er livet i Kristus, har faktisk grensesprengjande perspektiv for mitt liv i dag, og kvar dag, gjennom heile året. Dette livet kan ikkje overvinnast av døden, for døden er ein gong for alle overvunne av livets Herre, Jesus Kristus. Og ein gong skal eg, i kraft av Jesu siger over døden, vinna min siger over døden. Det handlar om Jesus og det han har gjort for meg. Han er det eg trur på. Han er det eg stoler på. Han er det eg tilber og etterfølgjer. Han er mitt forbilde. Han er min Herre og Frelsar.

Vi er i tida mellom påske og pinse. Eigentleg lever vi i påske- og pinsetid heile året. For påske og pinse handlar om nytt liv i våre liv. Alt er blitt nytt! ”Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje?” (Jes. 43, 19)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *