Identitet

”Jesus er min og jeg er hans, Jesus er kjærlighet.” Slik song vi i ein barnesong for ein del år sidan. Det ligg mykje god kunnskap, visdom og uttrykk for kjensler i denne songen. Vissa om å høyra til. Vissa om å vere elska. Og den gode vedkjenninga om å gi seg over til kvarandre.

Jesus er opptatt av at ein læresvein — ein disippel — treng identitet og ein stad å vere tilslutta og omslutta. Ein base eller ein heim for å finne fred, kvile og ny kraft. ”Ver heime og ta det med ro nokre dagar,” kan vere rådet legen gir til deg når kroppen er tom for krefter og du treng å ta deg inn at. Jesus gir eit tilsvarande råd til alle sine etterfølgjarar, som ofte er travle med gode gjeremål og viktige oppdrag. ”Ver i meg, så er eg i dykk.” (Joh. 15, 4) Ein base og ein heim for fred, kvile og ny kraft. Og denne basen er til stades i livet uansett kvar eg fysisk er plassert i livet mitt. Heime, på jobb, på reise og i fritid. Jesus er min og eg er hans.

Alt i Det gamle testamentet finn vi denne visdomen lagt ned i menneska, lenge før Jesus levde på jorda og forkynte det. Asaf, ein av dei fremste lovsongsleiarane til kong David, gir uttrykk for det same intime forholdet mellom Gud og menneske på denne måten: ”Men eg blir alltid verande hos deg. Du har gripe mi høgre hand.” (Salme 73, 23)

Her finn eg min sanne identitet. Her startar disippellivet. Dette er min heim. I Kristus. Paulus seier det på sin måte, og med stor presisjon: ”Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever, det lever eg i trua på Guds son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.” (Gal. 2, 20) Jesus er min og eg er hans. Jesus er kjærleik!

Med ein slik identitet er eit menneske uovervinneleg. Det er i denne identiteten at dei forfølgde klarer å leva med glede og fred, i prøvingar og lidingar heilt inn i døden. Det er i denne identiteten at du og eg får styrke, glede og fred til å klara utfordringar og prøvingar i våre kvardagsliv. Eg lever mitt liv i Kristus. Hos han blir eg verande, og han blir alltid verande hos meg. Eg er hans, og han er min. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *