Ord inn i vår tid

Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!

Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren!

Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje.

Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt.

Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske.

Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud.

Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

(Paulus brev til Romarane, kapittel 12)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *