Korleis kan vi auke vår lukke?

Kven er lukkelegast i verda?

Danskane vart så begeistra for å bli kåra til verdas lukkelegaste land i 2012, at dei oppretta eit ”Institutt for Lykkeforskning.” I ein rapport peikar instituttet på åtte faktorar som har ført til ein lukkeleg befolkning her nord. Dei åtte verdiane er tillit, tryggleik, velstand, fridom, arbeid, demokrati, sivilsamfunn og balanse.

Tillit vert knytt til det mellommenneskelege – at vi stolar på kvarandre. Tryggleiken ligg i velferdssamfunnet, som og tar vare på dei fattigaste.  Fridom til å rå over eige liv er sikra i rettar, gjennom gode arbeidsplassar, med sosiale relasjonar, medbestemming og sikker løn. Demokratiet sikrar rettferd og låg grad av korrupsjon. Det siste – ballanse – er knytt til tidsklemma, og mogelegheit til å kombinera jobb og familie.

Vi har det ikkje så ulikt våre danska naboar her i vårt eige land, Noreg. Vi er født i eit lukke-land, på ei grøn grein, med utruleg mykje å vere lukkelege over og takksame for. Denne sommaren og hausten har vi på nytt blitt minna om vår lukke her i nord, i eit samfunn, prega  av desse gode verdiane. Vi ser at mange stader på jorda er det ikkje slik. Det er ein stadig kamp om desse verdiane. Også her i våre nordiske land. Dei er ikkje sjølvsagte.

Paulus talar også om lukke – ei indre lukke – som vert utløyst av fellesskapet med Jesus Kristus, ved Den heilage ande. Denne lukka er tilgjengeleg for alle, og vert oppnådd når Den heilage ande får tid og rom i liva våre. Frukta av dette fellesskapet heiter kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Ni frukter – og verdiar – som fortel noko om djup, indre lukke og ballanse i livet. Eit samfunn, prega av desse fruktene,  ville også blitt eit lukkeland, ja, ikkje så langt frå ein himmel på jord – eit paradis å leve i. 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *