Det du tankar opp blir du fylt med

    

 

Har du nokon gong fylt bensin på ein dieselbil? Eller motsatt, diesel på ein bensinbil? Ingen av delene fungerer godt. Begge deler er drivstoff, men det fungerer berre i kombinasjon med rett og tilpassa motor for drivstoffet.

Vi er skapt i Guds bilete, og Gud er god. Vi er skapt og tilpassa til å leva i samfunn med «Den Gode.» Jesus viste oss Guds godleik, og ba oss følgja i hans godleiks-fotspor. Vondskap og godleik fungerer ikkje godt saman. Dei to er fiendar, akkurat som lys og mørke. Det er ikkje plass til begge deler, det eine fordriv det andre. Men lyset har sigra over mørkret, og der det blir tend lys, der vil mørkret bli fordrive.

Synes du livet er mørkt og tungt? Fortsett å sjå på mørkret, og det vert mørkare.

Kjenner du på uro og tungsinn over mørke og vonde nyhende som møter deg kvar dag? Fortsett å fylle opp tanken med det vonde, og du vert meir uroleg og deprimert.

Ønskjer du meir lys over livet, Guds fred og håp inn i kvardagen din? Fyll deg med Guds ord, fokuser på Jesus, og ta til deg Guds gode løfter og fredstankar i Ordet. Du vil snart  merka at glede, fred og mot får større og større plass i sinnet ditt.

Det du tankar opp blir du fylt med. Fyll derfor opp med det gode! Bli fylt med det gode og Den Gode! La Heilagandens bensin gi drivstoff og drivkraft til livet ditt i dag, i teneste for det gode. Godleik inn, godleik ut. Dette er du skapt til, og dette kan du leva i!

Stefanus var omgitt av vondskap då han døydde i trua på Jesus. Men han tok ikkje inn det vonde. Han fokuserte på det gode, heilt inn i døden. Han overvann det vonde med det gode. Fordi han hadde rett fokus.

«Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.» (Apgj. 7, 55)

«Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå HERREN, som har skapt himmel og jord.» (Salme 121, 1 – 2)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *