Når du sit heime…

«Borte bra, men heime best,» heiter det i eit ordtak. Den viktigaste plassen for mange er heimen. Heimen er plassen for måltid, fellesskap, avslapping og fritid. Ein plass til å samle krefter og hente seg inn att.  Vi bruker mykje av fritida vår i heimen. Heimen er difor den viktigaste kvileplassen i livet for mange. Spørsmålet mitt i dag er dette: Er vi gode på å bruke heimen som resurs for det åndelege livet? Gir vi god plass til fellesskap med Jesus i heimen?Vi tenkjer gjerne at plassen for Gud er i gudstenesta på søndag klokka elleve, og i husfellesskapet på ein vekekveld. Men husk at heimen også er ein viktig samlingsplass for fellesskap med Jesus. Han er til stades i heimane våre. Han vil gjerne få tid og rom saman med oss. I bordfellesskapet og i ordfellesskapet. I bønneliv og i samtale med kvarandre. I høgtlesing av andakter og Bibel. I lovsag og tilbeding. Både når du er åleine, men og når familien – born og vaksne – er samla til fellesskap og måltider.

På ei av storsamlingane i haust hadde vi fokus på dette. Guds-fokus i heimen, og elles der vi ferdast gjennom kvardagen. Ikkje berre om søndagen.

«Herren er vår GUD! Heren er ein! Du skal elska Herren din Gud!»

«Desse orda skal du gøyma i hjarta ditt! Du skal læra dei til borna dine, og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.» (5. Mos. 6, 4 – 7)

Del trua med andre! Snakk saman om Gud, om Jesus og om Den heilage ande. Bruk tid på dette, saman med andre, både ute og heime. Det handlar om ei investering. Om disippelgjering. Om etterfølging. Såing og hausting. Sår du rikeleg, kan du og få ein rik haust.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *