Tru og vantru

«Eg skjønar ikkje at dei kristne kan tru på det som står i Bibelen,» sa nyleg ein ungdom, som sat på bussen, til sidemannen sin. «Har du lest Bibelen?» kunne vera eit nærliggjande spørsmål og respons på tiltale. Det er mange som lever i vantru utan å ha gitt trua ein sjanse. Og samstundes må vi erkjenne at det ikkje alltid lukkast bakkemanskapet til trua sin opphavsmann å formidle og tenne trua slik at ho slår rot hos vantruande menneske. Her kunne det vere freistande å bruke Bjørn Eidsvåg sin terminologi, «du må smake den sjølv.»

I Bibelen blir det fortalt om ein mann som søkjer hjelp hos læresveinane til Jesus. Dei maktar ikkje å hjelpa han med problemet hans. Men mannen gir ikkje opp, og når han får sjansen til å møte Jesus ansikt til ansikt, presenterer han problemet å nytt, og ber Jesus om hjelp. Det skjer i form av eit «dersom du kan» – spørsmål. «Om eg kan?» repliserer Jesus, og sender ballen tilbake til mannen: «Alt er mogleg for den som trur.» Det er her den stakkars mannen møter den altfor store utfordringa, og blir fortvila på eigne vegne. Men utan å gi opp, ropar han ut eit siste fortvila «HJELP!»

«Eg trur, hjelp mi vantru.» (Mark. 9, 24)

Mannen kunne ha sagt, «Eg trur ikkje,» og gått sorgfull bort, med vantrua godt parkert i både fornuft og kjensler. Men heldigvis vender han ikkje Jesus ryggen, trass mismot, nederlag og tvil. Nei, han kastar problemet sitt og vantrua si over på Jesus, i eit «Karpe Diem.» Han ville ikkje la sjansen gå frå seg, og greip dagen, fekk svaret han venta på, og tok imot trua som gåve.

Tru er å gå til Jesus. Tru er å ikkje gi opp håpet om at Jesus er den han seier at han er. Og for å finna ut kven han er, må vi gå til kjelda der vi finn han, i Bibelen. Mange har blitt overraska av eit levande møte med Jesus gjennom å lesa bibeltekstane om han. I forteljingane om han, og i orda hans, finn vi kjelda til ei levande tru på han. «Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord.» (Joh. 4, 41). Trua blir gjerne tent i møte med Jesus og orda hans.

Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Styrken i trua handlar om å ha blikket godt festa på Jesus. Ikkje på oss sjølv, eller på omstende rundt oss sjølv og i verda. Tru og tvil vil alltid gå i par i vandringa vår her i den synlege verda. Men der vantrua har parkert og slått seg ned for godt, er tvilen i stadig bevegelse, på leit etter næring for trua og håp til Gud. Slik ein hund alltid lyttar og ser oppmerksamt etter sin herre, skulle vi alltid ha øyre og augo vendt mot vår Herre og Mester i forventning. Slik kan trua vinna siger, for trua er eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *