No skaper eg noko nytt

“No skaper eg noko nytt” er tema for arbeidet i Norkirken dette året. I 2014 feira vi 10 års jubileum som forsamling. Eit av måla for 2015 har vore – og er – å sjå framover, søkje nye utfordringar og mogelegheiter,  og ikkje minst; ha forventning til at Gud skaper noko nytt.

Konfirmantarbeidet – TenTro – har vore i kontinuerleg vekst sidan vi starta opp i 2008. Kvart år har det vore ei auke i talet på konfirmantar, og dette året – 2014/2015 – har det nærast tatt heilt av. 51 konfirmantar (8 frå Norkirken) følgde undervisningsopplegget gjennom året, inklusive to konfirmant-weekendar,  og vi måtte ha tre avslutningsgudstenester for å få plass til alle konfirmantane med sine familiar og vener. Rundt 1300 menneske var innom Storstova på folkehøgskulen siste laurdagen i april. TenTro er det viktigste misjonsarbeidet vi får vere med å drive lokalt, i samarbeid med mange frikyrkjelydar her i regionen vår.

Barne- og ungdomsarbeidet i Norkirken er i vekst på fleire områder, og det gler vi oss storleg over. «Evangeliet til nye generasjonar» er den viktigste satsinga og investeringa i vår tid. I år har vi starta eit eige opplegg under storsamlinga for «Englebarna» (0 – 4 år). Fleire foreldre har sagt ja til å vere med og drive dette. «Kongebarna» (4 – 12 år) har sitt søndagskuleopplegg under storsamlinga, leia av fleire vaksne som satsar tid og krefter på denne tenesta. Frå hausten vil vi i tillegg prøve ut eit nytt opplegg under storsamlingane i Meland Aktiv. Nokre søndagar vil borna samlast til «Barnekyrkje,» der dei har sitt eige opplegg under heile storsamlinga.  Målet er at så mange born og unge som mogeleg skal få vere med i teneste, det vere seg lovsong, forbøn, møtevertteneste, deling av ord vitnesbyrd, m.m. Vi har forventning om at dette skal hjelpe unge til tidleg å vere aktive i teneste og delta i forsamlinga.

Ungdomsarbeidet SKrUL treng stadig nye vaksne i ungdomsmiljøet på laurdagskveldane. Så her går det ut ei kontinuerleg utfordring om «å gi» ein laurdagskveld til å vere i miljøet. B‑tween og Uno er i gode spor, bokstaveleg tala – ute i naturen og i heimane.

Denne våren har vi innarbeida ei gudsteneste nummer to – G2 kveldsgudsteneste – særleg tilrettelagd for unge vaksne. Men vi ønskjer å sjå fleire «godt» vaksne som tar del her. Vi trur nemleg denne gudstenesta på ein særleg måte skal vere med å fornye og inspirere både unge og eldre, og hjelpe einskildmenneske til etterfølging av Jesus og frimodig kristen teneste og livsstil. Innhaldet i denne gudstenesta er bygd rundt elementa lovsong, forkynning, nattverd, forbøn og fellesskap.

Vi har opplevd solid medlemsvekst dette året, og fortsatt trur vi det finst mange potensielle medlemmer som søkjer til Norkirken. Nye medlemmer er alltid hjarteleg velkommen! Det blir nytt medlemskurs til hausten. Velkommen til å delta på kurs, og velkommen til å bli medlem i Norkirken!

Norkirken er ei forsamling som legg vekt på at alle kan vere i teneste gjennom Guds nådegåve- utrustning. I mars var 30 personar med på nådegåvekurset «Som hånd i hanske.» Vi trur at Gud utrustar alle menneske som vil følgje Jesus med nådegåver til teneste, og vi vil fortsetje «å heie fram» nye nådegåver og Guds fulle utrustning til teneste i forsamlinga. Alle som ønskjer å vere med i teneste er varmt velkommen til å delta! Der det er eit behov skal det alltid vere ei teneste.

Vi kan setje i gang nye aktivitetar og planleggje nye ting, men det er Gud som gir vekst. Vi ønskjer å vere med på det HAN gjer i vår tid, og vi vil ikkje bruke tid og krefter på «feil» ting. Målet er å sjå vekst for Guds rike, og at Hans vilje skal skje i Norkirken. Derfor er det aller viktigste dette: Å søkje Gud i bøn. Vi treng å intensivere tid i bøn og søkje Guds plan og vilje for oss sjølv og våre medmenneske. «Bli verande i meg,» seier Jesus, og «utan meg kan de ingenting gjera.» Dette vil vi ta på alvor, enno meir enn før. Vi vil fokusere endå meir på tid i BØN, både utfordre den enkelte, men også legge til rette for felles mobilisering i bønnearbeidet. Det ventar ein spennande HAUST!

Her er bønneemne til å ta med inn i sommaren og hausten:

Be for:

TenTro, for konfirmantane og leiarane.
G2 – kveldsgudstenestene
Oppstart av Barnekirke, alle barna og leiarane i barnearbeidet
SKrUL – for leiarane, styret og be om fleire vaksne til arbeidet
Medlemmane i Norkirken – vaksne, familiar, born og unge
Nye menneske med kall til teneste. Fortsatt Guds utrustning med nådegåver til forsamlinga. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *