FREKHAUG BEDEHUS — EIT BØNEHUS FOR ALLE FOLK

Frekhaug Indremisjon inviterer til breiare bruk av bedehuset som bønehus. Arnfinn Norheim seier det slik i eit skriv som vi har mottatt: “Vi ville så gjerne at dette huset, Frekhaug bedehus, kunne bli eit bønehus for alle folk — for alle som trur på Jesus og ser verdien av bønn i gudsliv og teneste — at det kunne mobiliserast ei bønnerørsle, gjerne på tvers av menighetsfellesskap og forsamlingar.

Vi trur det er ein del menneske som ber på ein nød og eit kall til å vera med i eit slikt bønnefellesskap, som mellom anna har som mål å nedbe kraft til å føda nytt liv inn i våre forsamlingar, og bidra med godleik og velsigning til våre nærmiljø. Og naturlegvis, eit fellesskap der vi deler nød og lettar ved å be for kvarandre.

Vi prøver å samlast til felles bønn på Frekhaug bedehus førstkomande onsdag, 4. oktober, kl. 20:00. Så vil vi vere opne for forslag om evt. andre tidspunkt og behov. Personar som ønskjer å koma saman til bøn må fritt kunna bruka bedehuset kva tid på dagen det måtte vera. Praktiske ordningar vil vi leggja til rette for.”

For forsamlingsnemda

Arnfinn Norheim

I Norkirken vil vi vere med å oppfordre til eit slikt felles bønnearbeid. Vi vil komme tilbake med informasjon om datoer og tider etter kvart. Og vi oppfordrer interesserte til å ta kontakt, og gi melding om kor tid det kan vere praktisk ønskjeleg å samalast på bedehuset. Det kan vere tidleg morgon, formiddag, ettermiddag eller kveld på ein vekedag. Men også lørdag morgon/formiddag kan vere eit godt tidspunkt for fleire å samlast.

Arve Reigstad

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *