Veke 32

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

 Eg håper de alle har hatt ein god sommar! No skal hjula etter kvart i gang att, og det er tid for å møtast i menigheten. På søndag (9. august) er det STORSAMLING i Meland Aktiv kl. 11:00. J

 Er du klar for å meditere litt på eit bibelvers? Bruk gjerne litt tid om dagen til å memorere bibelvers. I dag har eg eit vers som kan vere aktuelt å lære utanat. Salme 9, 11: ”Dei som kjenner ditt namn, lit på deg, for du sviktar ikkje dei som søkjer deg, Herre.”

 Eg håper og ber om at vi får eit haustsemester der vi vert meir kjent med Jesus. Til meir vi kjenner Jesus, til meir stoler vi på Han. Og det er når vi vandrer tett med Den Heilage Ande, at vi lærer å kjenne Jesus. Vi vil sjå meir av Gud iblant oss. Vi vil søkje Gud og gi rom for at Den Heilage Ande får god plass i fellesskapet vårt. Gud vil gi Den Heilage Ande i gave til dei som ber han om det.  (Luk. 11, 13)

 Eg har forventning til Gud om at han på ein særleg måte vil gjeste oss i haust. Vi har sett opp som hovudtema ”Å vandre med Den Heilage Ande.” På søndag stiller vi spørsmålet ”Kven er Den Heilage Ande?” Kanskje du har eit vitnesbyrd å dele på søndag om ting du har opplevd i vandringa med Den Heilage Ande i sommar? Ver frimodig, og del villig av dine erfaringer med Gud!

 ”Du sviktar ikkje dei som søkjer deg, Herre”

 GOD HELG!

 Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *