Veke 45

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

“Han er på flukt i eget land. Han må bytte bosted annenhver uke fordi han kan bli gjenkjent på gata. På flyplassen blir han nektet utreise av landet. Er han en kjent forbryter? En som tjener enorme summer på narkotikasmugling eller menneskehandel? Han er ingen av delene. Maher al-Goharys forbrytelse er at han forlot islam for 36 år siden. Nå har han gått til sak mot den egyptiske stat, fordi de ikke lar ham få skrive “kristen” i rubrikken for religiøs tilhørighet på det offisielle ID-kortet sitt.….” (“Ropet fra øst — november 2009)

Resten av denne historia kan du lese i “ropet fra øst,” eller på nettsidene til Norsk misjon i øst. “Dyrene i vestlige land har bedre beskyttelse enn jeg har som konvertitt i Egypt” er overskrifta på intervjuet med Maher al-Gohary.

På søndag er det “søndag for dei forfølgde.” Dette er ein økumenisk dag der kristne over heile verda står saman i bøn og viser solidaritet med forfølgde og undertrykte søsken i trua. I menigheter over heile landet (og internasjonalt) vert det sett fokus på alle dei som vert forfølgd fordi dei er kristne. I bønekalenderen, som du fekk tilsendt som vedlegg sist veke, får vi i Norkirken eit særleg ansvar, kvar 1. dag i månaden, å be for dei forfølgde. Desse høyrer med i Guds kyrkje, og dei er våre søsken i trua. La oss huske på dei i bøn! (Og gjerne oftare enn ein gong i månaden.)

“Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.” (Hebr. 13, 3)

Dersom du ønskjer meir informasjon om “søndag for dei forfølgde — 2009,” kan du sjå på desse sidene: www.nmio.no

Her finn du også heile intervjuet med Maher al-Gohary.

Før denne helga minner eg om “Lovsangstimen” på Folkehøgskulen, på måndag kl. 20:00. (2. etg. i hovedbygget — musikkavdelinga) Velkommen der!

Vi minner også om konsertane med Solveig Leithaug m.fl. i Nordhordland, tysdag og onsdag i neste veke. 

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *