Veke 46

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

“De er saltet på jorda!.…De er lyset i verda!” (Matt. 5, 13 og 14) 

Litt tidleg helgehelsing denne veka. Eg er i farta og skal til Trondheim på Normisjons årlege forsamlingskonferanse. Tema er “Sammen for andre,” og eg trur det vert fire interessante dagar saman med pastorkollegaer og leiarar frå andre forsamlingar i nettverket vårt.

Vi er kalla til å vere lys og salt i verda. Korleis kan vi som menighet og fellesskap vere noko for dei medmenneska som vi lever saman med i samfunnet? Korleis kan vi saman med kvarandre vere lys og salt for andre? Har vi kraft til å påverke? Og korleis kan vi i lag vere eit misjonalt fellesskap ut mot samfunnet?

Dette er spørsmål som vert stilt på konferansen i helga. Vi er mange som skal vere saman i Trondheim, og fleire også frå Norkirken Nordhordland.

Vi er snart midt i november, og om eit par tre veker er vi inne i adventstida. Laurdag 5. desember og laurdag 12. desember har vi “Vaffeldag” og “Barnas dag.” Rett inn i tema “Sammen for andre.” Mange menneske i bygdene våre har merka seg desse utadretta tiltaka, og vi har fått veldig mange positive tilbakemeldingar på tilsvarande dagar tidlegare år. Vi ønskjer å vise at vi bryr oss, og at vi er opptatt av å gjere noko godt for andre. “Gud, skap i meg et større hjerte” har vore ein parole for oss dette siste året. Og vi treng ekte “nød” og godhug for våre medmenneske. Så skal vi og få tru at vi er lys og salt i møte med ikkje truande menneske. Og vi skal få lyse saman med kvarandre! Slik er desse to laurdagane i desember ei svært god praktisk ramme for oss til å bli meir synlege. Set av datoane, og bli med på felles dugnad for born og unge, vaksne og eldre!

Minner om Storsamling på søndag kl. 11:00 i Meland Aktiv.

Minner også om “Lovsangstimen” på Nordhordland Folkehøgskule på måndag kl. 20:00

GOD HELG!

Arve Reigstad

Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *