Veke 47

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Ein god start, og ein god avslutning. Det høyrer vi ofte sportskommentatorar snakke om når dei kommenterer idrettstevlingar. “Det var ein pangstart.…” og “.…for ein avslutning han leverte!” 

n

Jesus snakker om å bli “fødd på ny.” I livet med Gud er det viktig med ein god start. Det flotte med den nye fødsel er at Gud sjølv står på startstreken, og Han kvalitetsikrar starten for deg og meg. Han vil sikre at vi kjem godt i gang. Alt startar med Gud. Han tar ansvar for eit godt utgangspunkt. 

n

Men ikkje berre starten. Også avslutninga tar han hand om. Han fullfører det han sjølv har satt i gang i ditt og mitt liv. Trua er ikkje eit sjølvoppfinnande ”solo-prosjekt” som vi har tatt ut av lause lufta. Trua vert planta i oss, og gitt til oss gratis. Livet med Gud er ei gåve. Ditt og mitt samliv med Gud er eit resultat av Guds leiteaksjon, og eit produkt av Guds samhandling. Faderen, Sonen og Den heilage ande i aksjon for å redde fortapte menneske. “Det er fullført,” ropte Jesus på korset. I Jesus er resultatet for deg og meg sikra. I Jesus når vi målet! Ved trua på Han får vi både ein god start og ein god avslutning. 

n

Men kva med sjølve løpet? Sjølve livet? Den daglege kampen mellom tru og tvil, seier og nederlag, entusiasme og sløvhet?
Her kjem Den Heilage Ande oss til hjelp. Kvar dag vil Han vere med oss. Bibelen seier at Gud er trufast. Om vi svikter, svikter ikkje Han. Om vi vender Gud ryggen, vender Han aldri ryggen til oss. Han gir aldri opp trua på å fullføre løpet for deg og meg. I dette får eg kvile midt i livets kamp og strev, i medgang og i motgang. 

n

“Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.” (Fil. 1, 6)

n

Minner om “Living Room” (Lovsangstimen) på Nordhordland Folkehøgskule, daglegstova, på måndag kl. 20:00.

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *