Veke 48

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.” (Gal. 6, 9 – 10)

n

Det er siste helg i november. Den mørke ” lystida” står for døra. Advent. Lys i hagar og i prydbuskar. Lys på terrasser og altanar. Lys i vindauge og heimar. Det skjer ein stille – men svært merkbar – ”lys-aksjon” mot dei stadig mørkare dagane fram mot vintersolverv, 21. desember.

n

Guds ord seier at lyset har sigra over mørket. Ein dag skal lysets herre, Jesus, vise seg som sigerherre på historias arena. Ein dag vil Jesus openberre seg som det sanne lyset som kjem til verda. Alt vil verta oppfylt slik det står i Guds ord, og alt det mørke og vonde skal vere knust for alltid. 

n

Vi kristne lever i advent heile livet. Vi tenner lys i det åndelege mørke, som eit synleg bevis på at Guds lys har sigra over mørket. Det er berre snakk om ein tidsperiode før lyset skal bryte fram og fortrengje den åndelege mørketida. Det er fantastisk. Vi er levande lys av håp og fred i ei verd av urett, ufred, vondskap og mørkemakt.

n

Og midt i desember, to veker før mørket må gi tapt for lyset, skal vi synleg få gi vårt bidrag til det gode og det lyse i livet. Vi skal på ein synleg, konkret måte få gi noko godt til folk rundt oss. Vaffeldag og Barnas dag! Gud er i aksjon desse dagane. Vi representerer Hans lys. Du kan vere heilt sikker på det. Det betyr meir enn du anar. To laurdagar der vi er med og tenner lys for andre.

n

Og så kjem oppfordringa: Blir du med? Vi treng fleire medarbeidarar. Vi treng deg, vi treng kvarandre, og vi treng å sjå at vi er mange. Lat oss stå saman og gjere godt mot andre – og mot kvarandre – eit par dagar no i advent! Vi får meir enn vi gir. Vi skal hausta, berre vi ikkje gjev opp.

n

På søndag er det Storsamling i Meland aktiv kl. 11:00.

n

Og her kjem den store ”glad-nyhet” ved inngangen til advent: Vi er på nettet! Heimesidene er no eit faktum! Gå inn på www.norkirken-nh.no Sjekk ut sidene. Her finn du og kalender med ”Det skjer.” Stor takk til Odd Torleiv som er primus motor i arbeidet med heimesidene! Godt jobba, Odd Torleiv! 

n

GOD HELG!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *