Veke 53

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

Det har vore fantastiske vinterdagar i jula. Nysnøen ligg som eit kvitt teppe over landet. Det er noko litt symbolsk over den reine, kvite snøen som dekkar skog, plenar, hustak og landevegar no ved nyttår. 

n

2009 ligg bak oss. Jubel, glede og oppturar. Smerte, tårer og nederlag. Ei blanding av godt og vondt, livsglede og livssmerte. Slik er det for mange. Då kan lyset av den kvite snøen i dag få minna oss om ein åndeleg røyndom i livet: Nåden er ei kvit og rein kappe som vert gitt til oss, gratis, av Gud. Nåden dekker alt! Både for året som gjekk, 2009. Også for året vi i dag stig inn i. Fredag 1. januar 2010. Og for kvar dag som kjem:

n

”Akkurat her er din nåde. Akkurat her er din fred. Akkurat her er din Hellige Ånd. Akkurat her. Akkurat nå.”

n

Eller som Haldis Reigstad skriv i diktet ”Nåden”:

n

”Jesus seier mildt til meg: Nåden min er nok åt deg. Han har gjort meg glad og fri. Nåden kan eg kvila i.”

n

Utan nåde vert kvardagen mørk og svart. Utan nåde vert livet kaldt og hardt. Nåden gir oss håp for nye dagar og blanke livsark. Dagar og timar som skal levast og pregast av våre ufullkomne liv. Dagar og nye år som skal føra oss mot ei fullkommen framtid.

n

”Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkommen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eit gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.” (Fil. 3, 12 – 14)

n

Godt nytt år, og god helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *