Veke 1

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.”

(Frå musikalen ”Spelemann på taket”)

n

Januar er tida for årsoppgjer, rekneskap og finpussing på nye budsjett. Mange drøymer om større rikdom og meir pengar å rutte med. Ein tenkjer gjerne at dette er synonymt med lukke og ubekymra liv. 

n

Jesus er kritisk til eit for sterkt fokus på materiell rikdom og jag etter pengar. Han åtvarar oss mot å bli for opptatt av pengar, fordi pengane har ei makt i seg som skaper ufridom og slaveri. ”Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. (Matt. 6, 24) (Mammon = Jordisk rikdom, pengar og gods)

n

I verste fall er mammon eit trugsmål mot trua på Gud. I likninga om Såmannen åtvarar Jesus mot materiell rikdom, fordi det kan kvele det levande livet med Gud. ”Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdommen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt.” (Matt. 13, 22)

n

Når Jesus taler om å gjere seg ven med den urettferdige mammon, meiner han at pengar og jordisk rikdom skal brukast på ein måte som kjem andre menneske til gode. (Luk 16, 9) Mammon sjølv er forgjengeleg, som alt materielt og jordisk, men bruken av den har dimensjonar langt utover det jordiske. 

n

Og Jesus er opptatt av å dempe vår eigen bekymring for personlige økonomiske og materielle vansker. Rett etter den kvasse åtvaringa mot mammon, kjem det nokre ”senk skuldrene ord” om Guds omsorg for alt vi treng i livet. ”Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Søk først Gud rike og hans retteferd, så skal de få alt det andre i tillegg.” (Matt. 6, 25 og 33)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *