Veke 3

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

I dag vil eg minne om dagens viktigste måltid: Bibelen – Guds ord. ”Guds ord er mat. Den som spiser den, hungrer enda mer etter den. Vi skal holde Guds ord herlig og høyt som en allmektig kraft. Den som har det, har og kan alt.” (Luther)

n

Utan Guds ord dør vi. I det åndelege livet. Langsamt og umerkeleg. Dei fleste menneske vil erkjenne at dei har i seg ein lengsel etter noko som kan gi kjensle av indre ro, lukke og fred. Mange kan vitne om at Guds ord fyller dette tomrommet, og gir livet nye dimensjonar og djupare meining. Og det er vel ikkje så merkeleg? For i Guds ord møter vi Jesus, han som er Ordet, og som seier om seg sjølv at Han er livets brød. Han er den oppstadne og levande Meister, som tar aktivt del i våre liv. Og han er der, i Ordet, og vi finn Han når vi søkjer Han.

n

Augustin har sagt: “Søk det du søker, men søk det ikke der du søker.” Kvar søkjer vi etter mat for vårt åndelege liv? Kvar finn vi trøyst, rettleiing og mat for sjel og ånd? Guds ord er levande. Det har kraft. Det fungerer og verkar i livet mitt. 

n

Helgeordet i dag handlar om akkurat dette: ”For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.” (Hebr. 4, 12)

n

Bibelen er den mest leste boka i verden. Den finst på ca 2000 språk. Bibelen er på ca. 1400 sider, har 1346 kapittel, 35690 vers, ca. 740 000 ord og ca. 3 millionar bokstaver. Å lese den stille tar ca. 50 timer. Det vert seld ca. 60.000 biblar i Noreg kvart år.

n

Oppfordringa og utfordringa til oss er denne: Bruk Bibelen; les den!

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n