Kjære vener i Norkirken Nordhordland!
n
Vi har fokusert mykje på bøn den siste tida. Det trur eg er viktig og nødvendig. På søndag har vi Storsamling med bønnevandring. Vi skal få koma med alt vårt. Det som er godt og det som er vondt. Det som er fullt av glede og det som er vondt, vanskelig og leit. Vi får komme med sjølve livet. Slik vi kjenner det og opplever det. Gud tar oss på alvor, også kjenslene våre. Han forstår oss, og han har tid for oss.
n
Eg har nokre gode minner frå barndomen. Om leik, fart og moro. Høgt og lavt og mykje leven. Men når kvelden kom, var det godt å finna armkroken til far eller bestefar, og bli lest for og berre sitje stille. Kvile og lytte. Kjenne tryggleiken og freden som senka seg. Bli god og trøyt i kroppen, og rett og slett finne roen.
n
Vi skal ikkje berre arbeide og stå på i hundre. Ein viktig nøkkel til ”det gode liv” er rett ballanse mellom arbeid og kvile. Begge deler er viktig. Kroppen skal vere i aktivitet, og musklar skal brukast og utvikle seg. Men musklar som har vore i bruk må også få kvile. Og skader som er blitt påført kroppen gjennom dagens aktivitetar, vert best lekt ved å få ro og kvile.
n
På søndag er det tid for å sitje i armkroken til vår store Far. Ta fri frå arbeid og strev, stress og kav. Du kan berre kvile og vere der. Lytte. Leggje av bører og få førstehjelp for ”stridsskader.” Du får lov til å komme, utan krav og forventningar om å yte og prestere.
n
Bibelverset som eg vil minne om denne helga reflekterer dette. Det minner oss om at det er ein som er større enn oss sjølv og våre ressursar, problem og utfordringar. Ein som kan tilføre oss ny energi for kropp, sjel og ånd. Ein som kan reparere, trøyste og gi nytt mot. Jesus er opptatt av at vi skal få kvile hos Han. Dette er hans eigne ord. Les dei, mediter på dei og ta orda til deg:
n
”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” (Matt. 11, 28)
n
God helg!
n
Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland
n