Veke 11

Kjære vener i Norkirken Nordhordland!

n

”Livet er ingen dans på roser.” Eller, var det motsatt? Uttrykket kan fort bli klisjé utan djupare innhald. Vi bruker det nokså generelt og lettvint. Uttrykket ”å danse på roser” kan heilt sikkert vere god symbolbruk for livet. For skulle du i rein og skjær livsglede få lyst til å prøve dette ut i praksis, vil du fort oppdage ein tilleggseffekt til gledesrusen. Etter eit par glade dansesteg kjem du garantert til å tråkke på tornar. Og då blir livet vondt.

n

Sorgen og gleden de vandre tilhope,
Lykke og ulykke ganger på rad,
Medgang og motgang hverandre tilrope,
Solskinn og skyer de følges og ad.
(Thomas Kingo)

n

Dei siste dagane har eg følgt med på ein reportasje frå Finnmarksløpet. Eit 1000 kilometer langt løp, og 5 – 6 strevsame døgn i hundespann over Finnmarksvidda. For ein kraftprøve! I går fekk me sjå tre forventningsfulle born som stod ute i løypa og venta på sin store helt, utan at han dukka opp. Helten hadde fått problem, og han låg langt bak i sporet. Fleire av hundane hadde ”tråkka på tornar” og måtte ta pause og få sitje oppe i sleden. I staden for å dra lasset, vart dei ein del av lasset. Og ute i løypa hadde NRK sin rapportar eit intervju med den litt uheldige hundespannkjøraren. ”Nå ble det mye motstand. I perioder har jeg hatt tre hunder sittende oppe i sleden. Men jeg har det bra. Jeg elsker motstand! Man må bare gjøre det beste ut av det….” Kven var mannen? Lars Monsen, sjølvsagt.

n

For min eigen del må eg nok innrømme mykje mindre begeistring for ytre motstand i livet. Det ligg nok lettare for min natur å sei ”Jeg hater motstand….” Hadde dagane mine vore utan motstand og motgang i ulike variantar, kunne faktisk livet vore dans på roser. Men så var det altså dette med tornane… 

n

Motstand og motgang er ein del av livet for alle menneske. Vi vil alle møte på det. Ulike varianter, og ulik karakter. Det er mange som kjenner det på kroppen i dag. Motstand som har blitt så tung at livsløpet nesten har stoppa opp. Motgang og liding som gjer at livet faktisk stanser. Tida står stille, og vi blir handlingslamma. Vi treng ein pause, og vi treng tid til å ta oss inn att. Og vi treng hjelp. Alle har vi slike periodar, og livet er mørkt. Men då kan det vere på sin plass å minne om eit anna mykje brukt uttrykk: ”Det er lys i enden av tunnelen.”

n

”Enhver lidelse har sin regnbue med løfter. Gjennom skuffelser vinner vi et liv uten skuffelser, vi vinner alt ved å tape alt, når Kristus er vårt liv.” (Emil Gustafson)

n

”Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!» (Joh. 16, 33)

n

God helg!

n

Arve Reigstad
Pastor i Norkirken Nordhordland

n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *